Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Oppdatert aktivitetskalender

Oppdatert aktivitetskalender

Elinor Bolme Sundag 6. januar 2013

Da skal vi ha fått oppdatert vår aktivitetskalender med alle søppeldagar i 2013 og andre arrangement som vi veit om. Men redaksjonen håpar at flere benytter seg av denne muligheita våre medlemmar har til å bruke aktivitetskalenderen som ein nyttig informasjonskanal. Send oss ein sms eller ein epost, så legg vi inn etter kvart!

Ellers er det også plass til fleire medlemmar hos oss. Både for privatpersonar, lag, organisasjonar og bedrifter.

Eit personleg medlemsskap er satt til 100 kr pr år. Og om det er nokon som er interessert er  kontonummeret 4040 15 70219. Innbetalinga må merkast med navnet på den som ønsker medlemsskap. Medlemsskapet gir medlemskort og eigarskap, medan eit medlemsskap for lag, organisasjonar og bedrifter gir tilgang til vår aktivitetskaleder og høvelege omtalar av ulike arrangement og hendelsar før og etter dei er gjennomført. Interessert? Ta kontakt på red@todalen.no.

Medlemskontigenten blir brukt for å finansiere vidare drift av Todalen.no og premiar til konkurransar på sida. Før jul kjøpte vi inn refleksband med logoen vår på, som vil bli utdelt til alle våre personlege medlemmar etterkvart. Men er det fleire som vil ha, blir det vele i rå med det også..

hit for å lese meir om dei ulike medlemsskapa.


Publisert: 6. januar 2013, 15:10