Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Oppdatering av lag og organisasjonar

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. november 2011

På Trollheimsporten held dei på og oppdater lista over lag og organissasjonar, og i ein e-post til Todalen.no skriv Norunn Holten: «På Trollheimsporten held vi på å oppdatere lista over lag og organisasjonar i kommunen. Det er veldig viktig at alle organisasjonar står oppførte her med oppdaterte og korrekte opplysningar. Denne lista blir nemleg også bruka av Surnadal kommune når dei skal orientere organisasjonane om noko eller sende saker ut på høyring. Dersom laget ditt ikkje er med, eller det står oppført feil kontaktperson, kan du risikere å ikkje bli med når viktige avgjerder skal takast.

Gå derfor inn på lista over lag og organisasjonar i kommunen på Trollheimsporten, og ta kontakt med norunn@trollheimsporten for å korrigere opplysningane. Det er fint om de også kan melde ifrå om at opplysningane stemmer.»

Dette gjeld og sidene for lag og organisasjonar på Todalen.no. Det er naudsynt at vi får info når det er endringar i styresamansetting o.l. for å halde sidene oppdatert.

Publisert: 26. november 2011, 14:18