Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Opning av kunstutstilling i Skulstuå

Stig Husby Sundag 12. juli 2020

Todalingar og tilreisande sørga for eit solid oppmøte på opninga av kunstutstillinga til Odd Ingar Skrøvseth i Skulstuå. Kunstnaren sto sjølv for opninga, og svinga du ikkje innom utsillinga søndag er det heldigvis fleire sjansar i sommar.

I to høgder viser Skrøvseth fram måleri, tresnitt, litografi og monotopi. Dei frammøtte til opninga fekk høyre historia til eit par av motiva, og særleg dei lokale motiva Rambjøra og Holmen kunne Odd Ingar Skrøvseth fortelja at han aldri blir lei av å fange på lerretet.  

Han bur for tida i Oslo, men omtalte seg sjølv som ein nomade som har forflytta seg rundt omkring i både inn og utland.

Frå tida i gamle Oslo viste han fram monotypi av Yosuf, ein kjenning frå Somalia som han trefte på nesten dagleg. Som forøvrig takka nei til å ta imot verket av seg sjølv.

.

Han viste også fram ei tegning av tante hans, Signe Skrøvset som hadde tittelen Araberen. Så her var det ikkje berre lokale motiv og verk til utstilling.

Men Odd Ingar har sterke band til Todalen, og flotte verk som Under bergfallet / Rambjøra, Todalsøra og Sol e Svealiå var det mange av dei besøkande som fant spesielt interessante.

For dei som ikke hadde anledning til å delta på opninga søndag, så kjem det altså fleire muligheiter.

Torsdagane 16. og  23. juli er det ope frå 17 – 19 og søndag 19. juli frå 14-17.

Ellers er kunstnaren fleksibel og kan opne utstillinga etter nærmare avtale i perioden 12. juli til 2. august.

Det er vel verdt å ta seg eit besøk på utstillinga eit av desse tidspunkta.

Les intervju med Odd Skrøvseth her

Publisert: 12. juli 2020, 16:48