Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Opnar samfunnet igjen – startar med barnehagen komande tysdag

Jon Olav Ørsal Fredag 17. april 2020

 

Komande tysdag opnar barnehagane igjen, og litt om litt vil nok samfunnet opne seg igjen dersom utviklinga fortsett på rett kurs.  Fredag ettermiddag møtte representantar frå kriselleiinga i Surnadal komune pressa, for å orientere om at barnehagane i kommunen startar på i gjen tysdag 21. april.  Det er ein dag seinare enn den nasjonale veiledaren gjev rom for – måndagen blir planleggjingsdag. 

Briefing med pressa om barnehage- og skulestarten foregikk på den digitale plattforma Teams og her er deltakarane frå kriseteamet – kommuneoverlege Bjørn Buan, ordfører Margrete Svinvik,, rådgjevar Anne Lise W. Wullum og kommunalsjef Astrid M. Høivik. Foto: skjermdump frå Teams.

Det var ordførar Margrete Svinvik som orienterte pressa om planane for reopning av barnehagane komande tysdag. Ho forsikra om at alle smitteverntiltak er på plass, og at tilhøva skal være så sikre som muleg både for tilsett, foreldra og ikkje minst borna når dei startar på.  I starten vil det være behov for redusert opningstid på grunn av at det må brukast tid både til iretteleggjing før dagen startar og opprydding etterpå – opningstida blir difor frå kl 8 – 14.30. 

Elles fortalte Svinvik at Surnadal kommune vil følgje den nasjonale rettleiaren med tanke på opplegg og gjennomføring av oppstarten. – Vi har full tillit til rettleiaren, og vil forhalde oss til den ved  reopninga av barnehagane.  Borna vil da bli plassert i mindre grupper slik at krav til smittevern oppfylles.  De tilsette har no fått opplæring i smittevern, og er dermed godt rusta til oppstart.

De er framleis ikkje meir en 2 personar som er registrert som smitta med koronavirus og det vitnar nok om at det er gjeort ein god jobb med smitteavgrensing. Smittevernstiltaka som tidlegare vart innført gjeld framleis, og det blir derfor poentert at det framleis er viktig å halde avstand, god handhygiene og opphald i grupper maksimalt 5 peronar. 

På spørsmål om foreldra har tillit til dette opplegget og kor mange av borna som vil starte på i barnehagen på tysdag, så vart det opplyst at 78 % av borna starta på tysdag. Dei resterande har litt forskjellige årsaker til å være heime – mellom anna at foreldre er heime med enten permittering, heimekontar eller anna grunn.  – frå eit smittevernssynspunkt tykkjer eg det er grit at ein startar på med eit litt redusert barnetal den første tida, sa kommuneoverlege Bjørn Buan. 

Når det gjeld oppstart i skulen, så er starten der sett til måndag 27 av den nasjonale kriseleiinga – eller regjeringa om du heller vil.  Her er det bebuda at veiledaren kjem måndag 20. april, og vil gjelde skule/SFO, sa kommunalsjef Astrid Mogstad Høivik.  Ho poenterte at det heile tida har vore eit godt samarbeid både med verneombud og tillitsvalte i det arbeidet som har pågått. 

 

Publisert: 17. april 2020, 15:51