Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tysdag var siste dag på jobben for Anders

Jon Olav Ørsal Tysdag 30. september 2014

Tysdag hadde Anders Talgø sin siste arbeidsdag ved Surnadal Vidaregåande skule. Jobben som rektor var slutt 1. september, da Mons Otnes formelt tok over ansvaret. Den siste månaden har dei to overlappa, og har mellom anna gjennomgått prosjekt som ikkje er avslutta. Men no er det slutt med skulearbeid, og det blir honning- og straumproduksjon i staden.

ordføreravskjed 008

1. september overlet Anders Talgø det formelle ansvare som rektor til Mons Otnes. Foto: Driva/Magne Lillegård

Anders rakk å starte på det 40. året med SVS som arbeidsgjevar. Han kom som nyutdanna adjunkt (cand.mag.) til skulen i 1975, og har gjennom åra hatt fleire administrative stillingar – som rådgjevar og studieinspektør før han i 2000 tok over som rektor. Anders minnes at dei i starten var berre 5-6 faste lærarar ved skulen, i tillegg til vaktmeister og innleidde timelærarar frå ungdomsskulen. Men det har heile tida vore ein fin og triveleg arbeidsplass.

Heilt frå starten i 1971 hadde vi berre ei handelslinje, men i 1973 kom ”jern og metall” og frå 1975 kom det kombinerte grunnkurs, der 1.-året var allmennfag og 2.-året yrkesfag (maskin og mek.). Sia har det etter kvart vorte større breidde i undervisningstilbodet ved skulen.

På spørsmål om kva som har vore den største forandringa i skulen i dette tidsrommet, svarer Anders at det har vore ei evigvarande forandring gjennom heile perioden. – Det gjeld det bygningsmessige, der det heile tida har vore ein eller anna byggeprosess på gang. Men størst er nok forandringa i skuleverket – spesielt reform’94 og kunnskapsløftet i 2006.

Korleis ser framtida ut for skulen? – Anders svarer at nedgangen i elevtalet etter kvart blir ei utfording med tanke på å oppretthalde breidde i undervisninga og talet på klassar. Men no kjem snart kommunereforma, og den kan nok få stor betyding med omsyn til regionstruktur og utviklinga elles.

DSC_7630

Anders har 6-7 bifolk som skal ha sitt stell. Ei slik ramme frå bikuben kan innehalde eit par kilo honning. Foto. Jon Olav Ørsal

Men frå onsdag 1. oktober blir det ei stor forandring i tilværet for Anders. Da blir han fulltids pensjonist. Kva skal du fylle kvardagen med da?
– Anders treng ikkje lange tenkepausen, for pensjonisttilværet er nok godt planlagt. – Da blir det mellom anna litt birøkt – har 6-7 bifolk som skal ha stell! Elles gler eg meg til å få meir tid til å ut i naturen, og i tillegg vil eg få betre tid til å drive litt hagearbeid. Jobben som dagleg leiar i Råssåfoss Kraft, der vi driv kraftproduksjon i Rossåa, krev også sitt. Der er eg deleigar, saman med 4 andre grunneigarar i Rossåa.

Vi ønskjer Anders lykke til som pensjonist!

 

Først publisert: 30. september 2014, 16:00 - Sist oppdatert: 29. september 2014, 22:28