Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Omsorgsberedskapen  har  fungert  bra  så  langt  i  Todalen

Omsorgsberedskapen har fungert bra så langt i Todalen

Elinor Bolme Laurdag 3. august 2013

Mange frivillige har dei siste dagane stått på for å få Todalen på rett kjøl igjen etter raset onsdag. Mange som uavhengige frivillige, og nokre organiserte som Todalen Sanitetsforening, Røde Kors og det lokale brannkorpset. Og ikkje minst Arnt Ivar Brøndbo som gjekk av si ordinære vakt som ambulansesjåfør rett før raset gjekk, og var dermed i Todalen ulykkesdagen. Han er no ein av dei som er med og bidrar til at folks liv og helse ivaretas i bygda.

Han har ein fullt operativ «sjukebil» i familiens Nissan, med oksygenbehaldar, medisiner og alt nødvendig forbindingsmateriell. I tillegg har Todalen brannvesen hjartestarteren i sin garasje på Kvendset. Han fortel at rutebåten som no går mellom Todalen- Kvanne opprinneleg var ein ambulansebåt tidlegare, derfor er den god egna til sjuketransport. Noko dei fekk benytta allerede på første turen.

Med seg på laget har han fått med seg 2 mann frå Surnadal Røde Kors, dei er i bygda kontinuerleg, (med vaktskifte naturlegvis) og dei deltek på litt forefallande arbeide der dei trengs. I dag var det istandgjering av kaia ved Rossåa som dei arbeidde med, i lag med mannskap frå Todalen Brannvesen og Gjeldnes Maskin.

Men i mellom øktene må dei ha mat, og då kjem Omsorgsberedskapskruppa i Todalen Sanitetsforening inn. Dei har åpna Sanitetshuset for desse karane og har kaffe, frukt og oppsmurt mat tilgjengeleg. Nestleder i beredskapsgruppa, Ragnhild Ansnes Moe var tidleg ute med å organisere dette, og også her er det vaktordningar der dei sanitetsdamene som er heime i Todalen deltek på, på skift. Dei opprettheld denne servicen til og med søndag kveld fortel Ragnhild. Vi var også med og hjalp til saman med Røde Kors og andre frivillige då kvar husstand måtte kontaktast angående strømoppklpling til agregata fortel ho. Tidens Krav hadde artikkelen Kvinner i beredskap i går.

Avslutningsvis kan vi også nemne at Luftambulansen og Seaking har eit ekstra blikk for Todalen desse dagane. Skulle noko skje, er dei her så snart som rå er, beroliger Arnt Ivar. Han er jamt i dialog med ledelsen i Helse Midt, og det er dei som forsyner Todalen med alt operativt utstyr som trengs for å oppretthalde beredskapen. Etter plana vil det ved første anledning bli frakta innover ein fullt utstyrt ambulanse frå Surnadal (som er i reserve der), når bilskyssen kjem i orden. Da er det ikkje så mykje meir ein kan gjera, enn å håpe på at dei store uhella og sjukdomstilfella ikkje oppstår.

Først publisert: 3. august 2013, 06:00 - Sist oppdatert: 2. august 2013, 23:30