Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Omsorgsberedskap i fokus.

Omsorgsberedskap i fokus.

Elinor Bolme Fredag 17. september 2010

Tirsdag kveld arrangerer Todalen Sanitetsforening omsorgsberedskapsmøte i Kommunestyresalen på Skei. Dette er eit møte for å få fleire lag og organisasjonar til å oppretta omsorgsberedskapsavtaler med sin eigen kommune.

Todalen sanitetsforeining gjekk inn i eit slikt samarbeid med Surnadal kommune på januar i år, og i Rindal har dei samarbeidd enda lengre. Der har dei og ved fleire anledningar vore i aksjon dei siste åra.

Dette er eit aktuelt tema innan Norske Kvinners Sanitetsforeining, og av di kjem og representantar både frå sentralt hald, og frå fylkesstyret. I tilegg kjem og  ordførar Mons Otnes, prest Bernt Venås, teknisk sjef Inge Skogheim, beredskapsansvarleg Tor Arne Moen og ikkje minst Ann Elin Hess Brønstad frå Rindal Sanitetsforening, som vil informere om deira vellyka samarbeid med Rindal kommune.

Først publisert: 17. september 2010, 08:00 - Sist oppdatert: 16. september 2010, 19:40