Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ole Stensby vart sistemann inn

Elinor Bolme Tysdag 10. september 2019
Siste oppteljinga etter kommunestyrevalet i Surnadal er no klart. Her vart det spenning til siste slutt etter at dei siste 67 stemmene skulle teljast i dag. Resultatet vart at SV gjekk forbi Krf og tok deria plass i kommunestyret. Det betyr at Ole Stensby kom inn som fast medlem på første valgforsøk. 

Ole bor for tida på Kyrkjæsterøra, kor han er lærling i automasjonsfaget . Han er ferdig i februar, og startar opp på forkurs til ingeniørstudier i Trondheim til hausten.På telefon frå Kyrksæterøra kunne ein godt fornøgd Ole  fortelje at han vart veldig overraska da han fekk beskjed om at han fekk fast plass i ettermiddag. -Eg trudde det berre var siste finpuss av stemmeoppteljing i dag, og ikkje med dei siste nesten 70. Eg gler meg veldig til å ta fatt på dette, og ser fram til å sitte i kommunestyret den kommande perioden, avsluttar ein oppglødd Ole som var den som fekk nest mest slengjarar under årets valg.

Ellers ser vi av dei no opptalte stemmene, inklusive kumuleringar og slengjarar at Ragnar Halle også er inne med god margin, og at Ragnhild Ansnes Moe ligg som 1. vara, begge for Senterpartiet.

Her er da den komplette oversikta over dei nyvalde representantane og vararepresentantane for kommande fireårsperiode i Surnadal:

Senterpartiet

  1. Margrete Svinvik 
  2. Tove Mogstad
  3. Nils Håvard Øyås
  4. Ragnar Halle
  5. Bernt Venås
  6. Lars Inge Kvande
  7.  Ingebrigt G. Moen
  8. Bergsvein Brøske
  9. Gunnhild Johanne V. Bøe
  10. Janne Husby Haugen 
  11. Kari Evensen
  12. Hugo Pedersen
  13. Sondre Ormset

Vara:

  • Ragnhild Ansnes Moe
  • Arne Heggset
  • Edvard Bele Sæterbø
  • Gunda Jorid Bele
  • Håvard Halset
  • Elise Smenes Brøske
  • Silje Beate Gulbrandsen Holten
  • Erling Solem
  • Nina Kolltveit Sæter
  • Else Kirsten B. Andresen
  • Ole Peder Holten
  • Tore Sannes
  • Håvard Fiske
  • Lars E. Polden
  • Marit Henriette Mo Sandberg
  • Trude Enoksen

Arbeidarpartiet

  1. Annett Ranes
  2. Helge Røv
  3. Rakel Polden
  4. Jorid Johansen Aarvåg
  5. Odd Asbjørn Bævre
  6. Ingrid Bergheim Andersen
  7. Olav Bergheim
  8. Laila Buskenes Aune

Vara:

  • Eva Jorid Svendsen
  • Bente Mosbakk
  • Ann Elin Stenberg
  • Johan Birger Rangnes
  • Elise Kristiane Mahle Einum
  • Egil Nedal
  • Bitten Ranes
  • Odd Arild Sande
  • Ella Bolme
  • Jon Bruset
  • Reidar Brøske

Sosialistisk Venstreparti

  1.  Ole Stensby

Vara:

  • Inger Johanne Iversen
  • Karina Kalvik
  • Marie Halset
  • Ingeborg Polden

Framstegspartiet

  1. Nils Petter Tonning
  2. Johannes Johannesson Vaag

Vara:

  • Tonje Larsen Faksnes
  • Oddvar Mikkelsen Tellesbø
  • Svein Ingvar Wærum
  • Stian Faksnes
  • Per Arne Gjengstø

Høgre

  1. Tor Rune Halset
  2. Ole Joar Karlstad Bruset

Vara:

  • May Irene Dønheim Hovde
  • Ola Magne Nordvik 
  • Maret Heggset
  • Ove Magne Aasen
  • Ole Georg Skjeggestad Øye

Miljøpartiet Dei Grøne

  1. Eli Vullum Kvande 

Vara:

  • Erik Moen
  • Kjell Gunnar Polden
  • Henrik Blekken
  • Lone Kvande Brøske

Sjå valgprotokollen her, med både kumuleringar og slengarar pr parti og person: Valgprotokoll for valgstyret Surnadal kommune 2019

Publisert: 10. september 2019, 19:39