Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Olaug Kvendset og Asgeir Longva fikk ”Røktarprisen” for 2014

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. desember 2014

Måndag kveld var årets siste ”Kløverstukveld” for i år, med mange tilstades i Fokus-bygget. På denne kvelden er det tradisjon med utdeling av ”Røktarprisen”, som i år vart delt ut for 17. gong.

Det var veterinær Frode Andresen som delte ut prisen, som i år gikk til Olaug Kvendset og Asgeir Longva frå Todalen. Olaug og Asgeir fikk røktarprisen for godt og omsorgsfullt husdyrhald, og det inneber eigentleg mykje, både direkte og indirekte i samband med dyrehaldet. – I tillegg til etikk og omsorg for dyra, er det lagt stor vekt på gode produksjonsresultat og at forskriftene er etterlevd på best muleg måte.

Det er dei 3 bondelaga i Surnadal, saman med veterinærane og Produsenttenesta som i dag står attafor Røktarprisen, og Olaug tykte det var utruleg kjekt at dei fikk prisen. – det ga ein god følelse etterpå, og vi takkar både på eigne og familiens vegne. Olaug hadde nemleg ryggprolaps for eit par års tid sia, og har hatt god hjelp i fjøset i denne perioden. Men ho har likevel heldt eit auge med kva som har gått føre seg i fjøset. – Det har stor betyding for økonomien i drifta at dyra trives og at dei er ved god helse, så det meiner ho er ei god investering.

Olaug tok saman med ektemannen Asgeir over heimgarden Utigarden på Kvennset i 1996 etter foreldra Hallvard og Ragnhild, og driv i dag med mjølkeproduksjon. Ho er utdanna bioingeniør, men har erfaring med dyr og fjøsstell heilt i frå barndomen. Olaug er i dag medlem i dyrevernsnemnda på Nordmøre, og har i ein periode vore ledar for Todalen bondelag.

Veterinær Frode Andresen går ut og inn i alle fjøs i kommunen, og tykkjer dei aller fleste steller godt med dyra sine. Men han er oppteken av at det framleis er eit forbetringspotensial – mellom anna er det mange som slurvar med børsting og reinhald av dyra. Eksempelvis kan møkk på dyra gi til dels store trekk frå slakteriet. Han tykkjer også at ein hører litt for ofte om dyretragediar i mediaoppslag landet rundt. Dette viser at røktarprisen framleis har sin misjon.

Andresen er sjølv oppteken av smittefaren han representer ved sin runde frå fjøs til fjøs, og påpekar kor viktig det er at han får reine klede og støvlar, slik at han kan skifte frakk og støvlar for å redusere smittefaren mest muleg.

 

Først publisert: 4. desember 2014, 00:30 - Sist oppdatert: 3. desember 2014, 23:56