Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ola er seniorkonsulent  – og ein av gutta!

Ola er seniorkonsulent – og ein av gutta!

Jon Olav Ørsal Sundag 31. mars 2013

Dersom interessa for traktorar er til stades, er alder inga hindring.  Det er Ola Polden eit bevis på, for i ein alder av 88 er han bokstaveleg talt ”ein av gutta” på Surnadal Vidaregåandes linje for industriteknologi i vinter. Anders Ansnes Karlsen, som er klassestyrar for klasse VG2, fortel at det er god kjemi mellom elevane og ”seniorrådgjevaren”.  Både Ola og elevane gler seg på praksisdagane, når han er på plass og kan ause av sin kunnskap om gamle traktorar.  For Ola har jobba eit langt liv på Eiksentret, og har har kompetanse som er gull verdt på gamle traktorar. Det Ola ikkje veit om Ferguson 35, det er det heller ikkje mange andre som veit.

Anders A. Karlsen fortel at dette samarbeidet starta da dei jobba med ein gammal traktor av den typen, og så stod dei fast. Anders og Per Arne Hyldbakk som er andre faglæraren fikk ideen om å kontakte Ola Polden om råd. Og der trefte dei blink, for sidan har Ola vore eit fast inventar på skulen, når dei torsdagar og fredagar har hatt praksisoppgåver på gamle traktorar.Ola har glidd fint inn i klassen, og gjensidig respekt pregar samarbeidet mellom ”seniorrådgjevar” og elevane, og begge partar tykkjer det er både artig og lærerikt.  Etter kvart har det vorte fleire traktorslag og til dels store renoveringsprosjekt som er gjennomført.  Traktorane er plukka i småbitar, og det er både laga nye deler og utført reparasjonar, før dei sett dei saman igjen.

Elevane lyttar når Ola fortel og instruerer, og han klarar å gjera alle ting interessant når han auser av sin kunnskap til elevane.  – Dette er gull verdt for oss på skulen, og jammen trur eg det er med og sett ein spiss på kvardagen for han sjølv også, ler Karlsen, som presiserer at Ola Polden deltek på frivillig basis og av eiga interesse.Ola sit nemleg på ein enorm detaljkunnskap om dei gamle traktorane. Den er nok opparbeidd gjennom ei årrekkje som mekanikar på Eik-sentret, men den er også utvikla gjennom hans store interesse for traktorar og arbeidet i smia heime i Åsbøhagan på Nordvik, seier Karlsen. Og dette må da vel være ein fornuftig måte å overføre kompetanse frå ein generasjon til ein anna, tykkjer vi.

Nedafor finn du eit bildegalleri frå arbeidet i verkstaden på Surnadal vidaregåande skule.   Alle foto: Anders A. Karlsen

Publisert: 31. mars 2013, 20:03