Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
OL-vinnar på Gammelfabrikken…

OL-vinnar på Gammelfabrikken…

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. mars 2013

Måndag kveld var det selebert besøk på Gammelfabrikken. OL-vinnaren Egil Søby var på ein kort visitt, der han lærte eit 50-tal Byggmakker- og Hagelandtilsett å bli vinnarar.  Men det var ikkje kajakkpadling han slulle lære frå seg, men han skulle lære dei å lukkast. Og det skulle han ha gode forutsetnader for å lukkast med, for den som hugsar attende til 60-talet hugsar vel at han var vinnartypen, som i løpet av nokre år tok 55 NM-gull, 15 Nordiske gull, 8 kongepokalar og ikkje minst EM- og VM- og OL-gull. OL-gullet tok han i OL i Mexico City i 1968.

No har 67-åringen reist land og strand rundt og lært folk å bruke tankane rett i 40 år. Han brukar framleis metodane og tankegangen til Stein Johnson som var ein av hans trenarar, og som gjorde stor sukksess i 60-åra. Dette opplegget er framleis topp aktuelt, men det er nok modifisert på vegen. I dag brukar han mellom anna Petter Nordtug & co som eksempel istaden for Oddvar Brå og Per Ivar Moe.

Og aktuell er han framleis, for no har han fullt program fram til påske. Måndag kveld var han i Todalen hos Byggmakker/Hageland, tysdag stod Avinor på Gardermoen på programmet. Han forsett veka med Gimle Idrettslag i Bergen på onsdag og Ullensaker kommune på torsdag og eit datafirma i Oslo på fredag, før han tek helg.

Byggmakker og Hageland samla altså alle sine tropper fra Surnadal, Sunndalsøra og Bytås til kveldsseminar på Talgø utstillingssenter. Daglig leder May Britt Dyrli fortalte at dei etter ein to år lang byggeperiode og omlegginger hadde behov for «åndeleg» påfyll. Dei er no i innspurten mot åpninga på Hageland, og samstunder opnar det nye avdelinga Flisekompaniet i byggmakker Surnadal. Det gler vi oss til, seier May Britt Dyrli.

Og påfyll det fekk dei, for det var heilt utruleg kor mykje tips og lærdom Egil Søby rakk å formidle i løpet av eit par heftige kveldstimar. Og det til stor begeistring for eit lydhørt publikum.

Publisert: 12. mars 2013, 06:00