Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Øl og sukker gjorde susen….

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. august 2018

Den siste veka har det nærast vore full invasjon av kveks i hagen og på terrassen.  Så snart du har tenkt på servering av mat eller drikke så har du dei på plass – i hundretal som ligg og virrar rundt hovudet og går til angrep.  Vi har da opplevt å få besøk av kveks før og, men ikkje i slike horder som i år.  Det er liksom at dei ska «ta att» for at det er lite mygg i år på grunn av uttørking av yngleplassar.  Kva kan du gjera for å få kveksen unna, slik at du i det miste får matfred på terrassen?  Vi har fått eit godt tips som vi gjerne deler!

Det er berre å lage ei kveksfelle, og det er jammen enkelt, billig – og ikkje minst effektivt.  Du kan rett og slett ta ei 1,5 liters brusflask og klippe den i to, slik som på biletet.  Deretter setter du toppen ned resten av flaska, og setter på ein tape slik at den blir stødig. Deretter fyller du på med litt godsaker. kveksen likar at det er søtt og godt, og vi fekk tips om å fylle i litt øl og sukker, og så litt tørrgjær.  Da vart det fart i både innhaldet og i kveksen.

I løpet av ein times tid var faktisk fella full av kveks som hadde vorte frista av godsakene og som hadde drukna i ølblandinga vi frista med. Kan dermed konkludere med at den funka. 

Ein litt enklare måte å laga felle på. Rett og slett berre å fylle «godsakene» i ein skål og sette fram. Foto. Jon Olav Ørsal

Ein litt enklare variant er å fylle blandinga i ein skal og sette den fram.  Du må imidlertid ikkje sette fella på bordet der du skal opphalde deg, for fella genererer stor trafikk og hektisk aktivitet rundt fella. Sett den frå deg i passe avstand til at du kan opphalde det i nærleiken, uten å bli midt i trafikken til fella.

 

 

Publisert: 1. august 2018, 13:44