Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
..  og  3.  juledag  blir  det  julekabaret!

.. og 3. juledag blir det julekabaret!

Jon Olav Ørsal Tysdag 9. november 2010

Arbeidet med å få til julekabaret har gått føre seg ei stund i kulissene, men no er julekabaret ein realitet, seier Svein Åge Saksen, som har fått fornya tillit som programsjef. Måndag kveld var den «harde kjerne» i programkomiteen samla for å gjere opp status og evaluere fjorårets julekabaret «Hoinner og æn ut!». Det er mange ivrige krefter som samlast om å få til ein god julekabaret, og vi vil ganske snart kome i gang med førebuinga for fullt, seier Saksen.

Saksen seier også at det er klart at det 3. juledag blir 2 framsyningar; ei på ettermiddagen og hovudframsyninga om kvelden, der det blir full pakke med servering og ”alle rettigheter”.

Saksen reknar med fullt hus på kveldsframføringa, og fortel at revy- og kabaretarbeidet har lage tradisjonar i samband med julefeiringa i Todalen. Da møter folk trufast opp, år etter år. Vi har allereie mange gode idear, og vi skal nok ikkje skuffe vårt publikum i år heller.

På Todalen.no vil vi følgje førebuingane og kjem att med meir informasjon etter kvart.

Publisert: 9. november 2010, 06:00