Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

OBS! Søya og Todalen skytterlag endrar skyteplana frå neste veke

Jon Olav Ørsal Tysdag 30. juni 2020
Grunna låg deltaking vil skyttarlaget endre skyteplana for skyteprøven frå kvar måndagskveld til annakvar frå og med denne veka.  Dermed blir det skyting på følgjande datoar utover sommaren og hausten: 13. juli, – 27. juli, – 10. august, og 24. august. Tidspunkt er som før frå kl 18.00 – 20.00. Dette er altså datoar som gjeld i år for skyting i Ranheimsvingen. 
 
Leiar i skyttarlaget, Håvard Halset, fortel at dette er ei endring som blir gjort på grunn av at det er få som treng å ta skyteprøven – i hovudsak nye jegrar og jegrar som ikkje tok skyteprøve og deltok i storviltakt i fjor. Det er koronakrisa som gjer at vi har fått slik regelendring som berre gjeld for i år – neste år vil laget i utgangspunktet køyre ordinær skyting kvar måndag. 
Heilt til slutt oppfordrar leiar i skyttarlaget, Håvard Halset, alle jegrar til å kome på skytebanen for å trene skyting før årets jaktsesong. 

På skytebanen kan du bruke anlegg for å sikre korrekt innskyting av jaktrifla. Foto: Jon Olav Ørsal

 
Publisert: 30. juni 2020, 18:12