Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Friskt  nyttårsbad

Friskt nyttårsbad

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. januar 2010

For Lars Kvendset er det tradisjon med nyttårsbad. Han starta denne karrieren saman med venner på Eide for 6 år sidan. I år var det på tide å lage ein todalsk tradisjon av dette, og nyttåraften var det klart for bad i fjøra ved Ansneset.
Fleire vart invitert til å ta del i aktiviteten, men det var berre Ragna K. som tok utfordringa. Lars reknar heilt sikkert med at det blir fleire som blir med neste år, og håper at dette kan bli ei populær avslutning på gammelåret etter kvart. Vi i redaksjonen skal iallfall sørge for fotografering av stuntet.

Publisert: 2. januar 2010, 16:14