Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nyttårsbad i vårlege omgivelser

Elinor Bolme Tysdag 31. desember 2013

Tradisjon tru, så er det eit knippe isbadarentusiastar som opprettheld det som no må kunne seiast å vere ein tradisjon nyttårsaften. Da treffest dei for ei kjapp dukkert i todalsfjorden og prisar nytt år velkommen. I år er nok kanskje «isbading» å ta hardt i, da det var i overkant av 5 plussgrader i lufta.

Tidleg på dagen låg det an til at primus motor Lars Kvendset vart åleine om badinga, men når tida kom dukka det opp opptil fleire kandidatar, som antakelig ikkje ville ha på seg noko pinglestempel. 4 mann og ei sprek ung dame hoppa lett ut i vatnet på Ansneset, og ingen klaga nevneverdig oger temperaturen.

Astri, Peder, Scott, Lars og Kjetil

Astrid, Peder, Scott og Lars Kvendset og til slutt Kjetil Sogge.

På todalsøra derimot var det berre ein einsam svane som sirkla rundt i vatnet og venta på det nye året.

IMG_1638

Publisert: 31. desember 2013, 16:01