Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt strumutfall i Todalen, men dei fleste har no stabil strumleveranse

Jon Olav Ørsal Fredag 20. november 2020

Svorka Energi meldte om nytt straumutfall fredag i 14-tida.  Straumutfallet er lokalisert til Todalen og Svorka melder at feilsøk pågår. Etter ein knapp time har dei fleste i Todalen fått att straumen, medan ein leitar etter nettfeilen mellom Talgø Gård og Kårvatn.  På Kårvatn er ein enno utan straum, fortel vakta på Svorka Energi

Dersom det er nokon som har observert noko unormalt med straunettet på denne stekninga så er Svorka glad om du varslar på vakttelefonen som er 924 20 050. Tidlegare i dag har det vore nettproblem for Telia sitt mobilnett, men det ser ut til å være løyst.  

Det er mykje vebju i skogen no, og det er tungt både for trær som står nær linjenettet – i tillegg legg det seg snø både på straumlinja og på fibernettet, sier vakthavende på Svorka. 

Publisert: 20. november 2020, 14:35