Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Nytt skuleår – 4 startar i første!

Nytt skuleår – 4 startar i første!

Jon Olav Ørsal Måndag 19. august 2013

Måndag starta skulen på igjen, og da er det berre å konstatere at sommarferien er over for den  yngre garde. Kl 8.30 i dag tidleg var heile gjengen samla på skuleplassen og klare til å ta fatt på eit nytt skuleår. Trur faktisk alle var glade for å treffast på skulen igjen, men spesielt var det nok for dei 4 som skulle starte i førsteklassen. Men dei finn nok tonen ganske fort, og det såg ut som klassekontakt Britt Mossing fikk god kontakt.

I vinter blir det 17 elevar ved skulen i Todalen. Det er slutt på samboarskapet med elevane frå Stangvik skule, som gikk på skulen i Todalen medan dei renoverte skulen deira.

Først publisert: 19. august 2013, 15:00 - Sist oppdatert: 21. august 2013, 18:24