Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt og imponerande skimuseum

Jon Olav Ørsal Onsdag 30. juli 2014

Rindalingane har mykje skihistorie å ta vare på, både sportsleg skihistorie og ikkje minst industriell skihistorie. Derfor er det nok på sin plass at denne historia blir teken vare på og vist fram til komande generasjonar. Det har jammen Rindal skimuseum klart på ein framifrå måte. Det nye skimuseet har fått med seg heile den lokale skihistoria, samtidig som dei har teke vare på industihistoria og presenterte dette på ein fin og balansert måte i det nye skimuseet. Eit besøk der kan absolutt anbefalast!

Skimuseet ligg på andre sida av vegen ved Igletjønna. Foto: Jon Olav Ørsal

Det bygningsmessige er det rindalsarkitekten Inger Anne Landsem som står attafor, og spesielt vart vi imponert over den gamle bygningsdelen, der det er teke vare på dei gamle tømmerveggane samtidig som det er sett opp nye glasveggar innafor. Det var både ei fin og smart løysing for å få den rette stemninga. Museumsbygget er i to etasjar, der underetsjen har den permanente utstillinga av maskiner, ski og skiutstyr flotte og kreative utstillingar og med eit innslag av både audiovisuell og mekanisk informasjon. I overetasjen var det stillt ut premiesamlingar og mange artige effekter knytta til skisporten. For den som har levd ei stund var det veldig artig å sjå att mykje av ustyr, skismøring og anna utsyr som var i bruk frå 50-talet og utover.

RindalSkimuseum_Tavler_4963

Flotte utstillingar – god balanse mellom skihistorie og industrihistorie. Foto: Jon Olav Ørsal

Storhetstida for den sportslege skihistoria var nok i perioden 1920 og fram til krigen. Da var det mange deltakarar frå Rindal i både nasjonale og internasjonale skirenn. John Røen deltok i OL i St. Moritz alt i 1928, og senare har det vorte både OL- og VM-triumfar for rindalingane. Høgdepunktet var kansje i 1937 da Sigurd Røen gjorde dobbel VM-triumf. historia om skiproduksjon er også gammel, og starta nok i heimar og kjellarar. Even Landsem starta med industriell skiproduksjon i 1949 og  kom med Landsemskia som seinare vart utvikla vidare til produksjon i balsatre og til sist glassfiberproduksjon. På det meste var det 4 skifabrikkar i bygda, og Rindal var heile Noregs skibygd.

Avdelingsleiar Kari Elin Bolme i Nordmøre Museum har vore sentral i oppbyggjinga av Rindal Skimuseum det siste året. No er det museumsformidlar Anne Skjølsvold som har ansvaret for den daglege drifta. Ho fortel at det har vore stor interesse for museet, og etter opninga den 29. juni har dei hatt veldig bra besøk i heile sommar. Museet har nok nyheitsverdi i år, men vi forstod at det var planer om at deler av utstillinga skal skiftast kvart år, slik at den heile tida blir aktuell og skal gjera det like interessant når du kjem att neste gong. No i sommarsesongen er Skimuseet ope kvar dag, unnateke måndag fram til 20. august, og det er også open kafeteria i museet.

Nedafor finn du nokre bildeglimt frå Rindal Skimuseum, men ta turen til Rindal så får du sjå alt!  Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 30. juli 2014, 19:46 - Sist oppdatert: 31. juli 2014, 21:29