Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt livsteikn frå moskusen – på Hjellnes

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. september 2014

Laurdag morgon vart det gjort ein ny observasjon av moskusen som har vore på vandring i Trollheimen. Da vart den observert på Hjellnes i Todalen, så han har nok halde stø kurs vestover frå Dalabotnan der han var observert for ei veke sia. Det var Per Åke Jakobsson som fikk sjå moskusen frå kjøkenvidauga heime i Oppistua.

DSC_7149

Moskusen stod ved grinda da per Åke fikk auge på den. Foto: Jon Olav Ørsal

Han fortel at det var heilt tilfeldig at han fekk sjå moskusen ved grinda mot skogsvegen som går fra garden og innover Stranda. Der hadde moskusen tilhald i rundt 10 minutt før den forsvann til skogs igjen. Men det var lenge nok til at heile familien fekk sjå dyret, og det vart ei hektis leiting for å finne kameraet, men han vart for sein til å få fotografert gjesten.

Avstanden mellom dei to observasjonane er 13-14 km i luftlinje. Men moskusen har nok gått lenger, for den må ha passert både Romådalen, Lauvåfjellet og kvennsetdalen på si vandring til Hjellnes. Kvar den tek vegen vidare er det ingen som veit, men uansett kvar den dukkar opp i neste omgang, er det lurt å halde ein viss avstand til dyret.

Først publisert: 20. september 2014, 15:32 - Sist oppdatert: 21. september 2014, 20:05