Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt: Historielaget på film og Facebook

Jon Olav Ørsal Fredag 7. mars 2014

På årsmøtet til Todalen historielag var det premiere for videofilmen Todalsfjorden minutt for minutt. Filmopptaka vart gjort i byrjinga av september 2013, på ein av dei siste turane som ferja Førdefjord gjorde mellom Todalen og Kvanne.  Det var daverande ledar i Todalen historielag, Maren Ansnes, som hadde ideen til filmen og Svein åge Saksen som gjorde filmopptaka. No er DVD’n på marknaden med eit redigert opptak på rundt 30 minutt.

SSaksen_JMoe_8836

Det er Svein Åge Saksen som har laga filmen for Todalen historielag. Her saman med John Moe som er ledar for laget i dag. Foto: Jon Olav Ørsal

Ideen med filmen var å få med kjentfolk til å fortelje litt om det landskapet vi såg på filmen etter kvart som ferja sigla utover fjorden. På tur utover vart nordsida filma, og på returen var det turen til sørsida av fjorden.  Dei alierte seg med Gudmund K. Kvendset som kjentmann frå starten i Todalen og utover til Svinvika. Her tok Sven Olav Svinvik over og fortale om svinvika, Nordvikgrenda og utover til ferjekaia på Kvanne. På returen var det Anders Halset som var kjentmann og kommentator på turen innover til Todalsøra. Dei fortel om stader vi passerer, kva husa heiter og litt kven som bur der og sjølvsagt krydra med litt gode historier og forteljinger.

No er altså videofilmen til sals som DVD, og kostar kr 200 pr stk. Den kan kjøpast på Matkroken L.Hals i Todalen eller hos Todalen historielag v/Sven Olav Svinvik.  Bestilling sender du på e-post: sven.olav@svorka.net eller du kan ta ein telefon til Sven Olav på telefon: 926 60 470. Vil du ha videoen tilsendt kjem det porto i tillegg.

Historielaget på Facebook

Ei anna nyheit for historielaget er nyoppretta Facebook-side. Den har no vore operativ ei vekes tid, og det tek no til å melde seg ein del medlemar til gruppa.  Her vil det bli lagt ut aktuell informasjon om historielagets liv og virke, og den kjem nok til å innehalde både gamle bilder, publikasjonar for salg og anna aktuell informasjon frå Todalen historielag.

Faceb_TodalenHist

 

Når du kjem inn på sida er det berre å trykke på «Liker», så blir du registrert som «brukar» og vil få opp informasjon frå laget på di eiga Facebook-side eller tilsendt informasjon om at det er nyheiter på gang til din e-postboks. Enkelt og greit.  Her finn du linken til historielagets Facebookside . Heng deg på, for her blir det mykje artigt og historisk materiale å finne!

Publisert: 7. mars 2014, 15:28