Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Nytt frå infomøtet på torsdag

Nytt frå infomøtet på torsdag

Jon Olav Ørsal Torsdag 1. august 2013

Torsdag ettermiddag var det nytt info møte på Talgø med mange frammøte. Det er nok naturleg at situasjonen som har oppstått i forbindelse med raset er omfatta med stor interesse, og eit hundretals personer deltok på møtet. På møtet var det folk fra Surnadal kommune, Svorka energi og frå Statens vegvesen. På møtet var det ikkje så veldig mykje nytt, men det var forsåvidt både gode og dårlege nyheiter. 

For å ta de dårlege nyheitene først, så informerte Ole Johan Tønnesen frå Vegvesenet om at det vil ta fleire veker å få på plass ny veg ut stranda. Han orienterte grundig om arbeidet og vurderingane som er grunnlag for beslutningane. Vegvesenet vil etablere ei midlertidig ferjekai, slik at vi kan få ferjetrafikk frå Kvanne og inn til Todalen i den perioden bygging av ny vei vil pågå. I mellomtida vil det bli etablert rutebåt for persontransport utover til Kvanne. Her jobber Surnadal kommune med å sette opp rutetider, slik at dette blir klart til båten som kjem frå Gulen er på plass fredag morgon.

Gode nyheiter også frå Svorka. Dei har alt starta arbeidet med å reparere høgspentlina inn til Todalen, og direktør Hallvard Fjellvær i Svorka rekna med at alt skal være klart til oppstart mot midnatt torsdag kveld. I det høve ber Svorka om å slå av strømmen på alt unødvendig utstyr og spesielt tunge straumbrukarar som varmvasstank og varmekablar. Det er nødvendig for å klare å få koblet inn straumen igjen.

Neste infomøte blir fredag kl 14.00. Det blir halde i Todalen skule i gymnastikksalen.

Publisert: 1. august 2013, 13:35