Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Nysnø  på  toppane

Nysnø på toppane

Jon Olav Ørsal Fredag 23. juli 2010

Fredag morgon vakna vi til nysnø på toppane på Snøfjellet og Skjerdingfjellet. Det var nok ikkje uventa med det regnværet og einsifra temperatur torsdag kveld. Fredag starta imidlertid med blå himmel og sol, og værmeldinga på yr.no lovar bra vær i fleire dagar framover. Temperaturane blir nok ikkje det heilt store, men det blir vel såpass at ein kan kalle det sommartemperatur. Finværsmeldingane vil nok prege aktiviteten i Todalen.no eit par dagar også.

Publisert: 23. juli 2010, 18:00