Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nypreparerte løyper på Tjønnmyra

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 10. januar 2021

Ola Dalsegg i Todalen Idrettslag sin anleggskomite på Tjønnmyra melder om nypreparerte løyper på Tjønnmyra. Han fortel vidare at nysnøen som har kome i det siste døgnet gjer at det er fine forhold for ein skitur i lysløypa på Tjønnmyra no.

Det er meldt enda litt meir snø dei komande dagane, før temperaturen går litt ned att frå onsdag eller torsdag og vi får klarvèr att. Så da ser det ut til at det kan bli fine og stabile forhold på Tjønnmyra, i alle fall, ei lita stund framover. 

 

 

Publisert: 10. januar 2021, 18:21