Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Nye todalspatriotar!

Nye todalspatriotar!

Elinor Bolme Tysdag 11. juni 2013

Fredag gjekk eit turfølge på 18 entusiastiske Amfi-damer frå Innerdalsmerket, over Bjøråskaret og ned til turisthytta i Innerdalen for overnatting. Følget hadde ein fantastisk tur, med stort sett fint vær, ispedd litt regn og ei skikkelig haglskur. Deltagerne, som kom frå Alta i nord til Arendal i sør, var mektig imponert over panoramaet som åpenbarte seg på toppen av Bjøråskaret!

Foto:Vera Henriksen, Alta

Som bildet viser: Todalen viste seg frå ei mirakuløs side. Vermeldingane var på førehand elendige, så arrangørane var storfornøgd med både sol og god utsikt begge vegar på Bjøråskaret.

Turentusiast Haldis Haugen var primus motor for opplegget, og guida trygt og godt frå Todalen og ned til Innerdalen. Bak står Lise Abrahamsen fra Moss. Ulven var forøvrig ikkje å sjå, forståeleg nok.

Todalen.no-redaktøren meinte ho hadde ein fridag, difor vart Marit Elin Eid sjølvutnemt todalen.no-fotograf tidleg på kast. Og før avgang frå Innerdalshytta fekk naturlegvis alle turdeltakarane kvar sin todalen.no-buff, som kom på rimeleg fort i litt surt ver.

Publisert: 11. juni 2013, 21:51