Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Nye rutetider frå 13.8.13

Nye rutetider frå 13.8.13

Elinor Bolme Måndag 12. august 2013

Det skal no vere klart til at Fjord 1 / MF Førdefjord kan teste ferjekaia i Todalen måndag kveld som tidlegare skreve, og dersom alt er ok kan ferja starte i ordinær rute frå tysdag, skriv rådmann Knut Haugen i ein epost til redaksjonen no.

Testturen no i kveld gjekk etter plana, og fergekaia bestod prøven med glans. Det betyr at MS Maursund kjøyrer sine to turar til vanleg tid i morgon tidleg ( 06.30 og 08.30 frå Todalen) før MS Førdefjord tek sin aller første avgang frå Todalen kl 09.15.

Rutetidene for passasjerbåten Tollesund er også blitt justert etter at MF Førdefjord kjem i drift.  Denne endringa gjeld også frå i morgon tidleg 13.08, første avgang kl 06.00 frå Todalen.

Tollesund går heretter kun til Svinvika og ikkje til Kvanne. Rutetidene for Tollesund er også tilpassa til skuleskyss til/frå Todalen, etter avtale med Nettbuss. Korleis skuleskyssen blir organisert kjem vi tilbake til i ei eiga sak når det lir litt meir mot skulestart.

RUTETIDER FOR FERGE OG PASSASJERBÅT I TODALEN

Frå Todalen Frå Svinvik Frå Kvanne Fartøy

06.00 *             06:15 *              —— Tollesund (passasjerbåt)

07:00 *             07:15 *              —— Tollesund (passasjerbåt)

07:30                07:40                —— Tollesund (passasjerbåt)

——-                 ——-                 08.15 MF Førdefjord (bilferje)

09:00              09:15                 —— Tollesund (passasjerbåt)  **

09:15                ——-                10:15 MF Førdefjord (bilferje)

11:45                 ——-                 12:45 MF Førdefjord (bilferje)

12:00               12:15                   ——- Tollesund (passasjerbåt)

13:30 *           13:45 *                —— Tollesund (passasjerbåt)

14:45              ——-                   15:45 MF Førdefjord (bilferje)

15:00 *          15:20 *                —— Tollesund (passasjerbåt)  **

16:00             16:30                   —— Tollesund (passasjerbåt)

16:45             ——-                    17:45 MF Førdefjord (bilferje)

17.30             18:00                    —— Tollesund (passasjerbåt)

19:15             ——-                     ——- MF Førdefjord (bilferje)

20:30          20:45                     —— Tollesund (passasjerbåt)

23:00          23:15                      —— Tollesund (passasjerbåt)

*    Avgangen går ikkje på helg

**  Minibuss til/frå Svinvika på desse avgangane. Bussen går frå drosjehaldeplassen ved kulturhuset 30 min. før båtavgang, og tek med passasjerar frå båten til Skei etterpå.

Passasjerbåten Tollesund går no berre til Svinvika på alle avgangar, og vil fortsatt være gratis så lenge den er i rute. MF Førdefjord derimot vil kun ha gratis overfart i 7 dagar. Det betyr at dei som vel å ta ferga frå den 8. dagen lyt betale for dette sjølv, bekrefter Knut Haugen. Takstane som blir sett tilhører takstsone 16. Ruta er enno ikkje komme inn på nettsida til Fjord 1 eller på www.177mr.no, men dette kjem etterkvart, lova kundeservice på ruteopplysninga 177 no i kveld.

TAKSTSONE 16 er som følger:

Barn 24 kr

Voksne 47 kr

Moped 79 kr

Bil m.sjåfør tom 6 meter 144 kr

Bil 6-7 meter 350 kr

Bil 7-8 meter 408 kr

Bil 8-10 meter 508 kr

Bil 10-12  meter 592 kr

Bil 12-14 meter 667 kr

Bil 14-17 meter 775  kr

Bil 617-19 meter 875 kr

Bil 19-22 meter 975 kr

Publisert: 12. august 2013, 18:45