Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nye medlemmer kjem til

Elinor Bolme Tysdag 25. februar 2014

RBL- Rindal Bil- og landbrukssenter kom i går med som nytt medlem her på todalen.no. Grim Røen, tilsett som ny dagleg leiar sidan 1. januar vurderte nettstaden som eit godt alternativ for synleggjering av bedrifta. RBL driv butikk på Sunna i Rindal med verksted for landbruksmaskiner. I tillegg utfører dei mjølketransport i Rindal, Surnadal, Orkdal og Agdenes på oppdrag fra TINE. Ellers så har dei og ein utkjøringsbil med åpen platt og kran, slik at dei kan ta på seg dei fleste oppdrag innan utkjøring av byggevarer og gjødsel. Les meir på nettsida deira www.landbrukssenter.no

RBL arrangerer også ulike temadagar. Ein av dei er allerede neste onsdag den 4. mars saman med Fannremsbedrifta AK-maskiner. Her er det vinter som er gjennomgangstema, med alt frå traktor, sager og ikkje minst bålkos som tilbys.  18. mars blir det fagdag med tittelen «Godt grovfor» med Ragnhild Bochseinus frå Norsk Landbruksrådgivning i Sør-Trøndelag. Sjå begge invitasjonane her: RBL- fagdagar

rovmolle
Tidlegare i år kom også forprodusenten Røv Mølle med som medlem her på todalen.no, også dei med fleire interessentar i Todalsområdet. Dei var ei av bedriftene som ytte full service til bøndene i Todalen under raset i juli. Sjå den saka her: Kraftforet kom sjøvegen. Også dei har ei eiga heimeside med nyttig informasjon til sine brukarar, om ein driv med kornproduksjon eller dyrehald av ymse slag. Klikk på logoen over, og du kjem inn på Røv Mølle si heimeside.

 

Som kjent for nokon, men kanskje ikkje for alle så er todalen.no ein nettstad som ikkje baserer seg på inntekstbringande annonsering, men kun på medlemsskap. Derfor er vi litt avhengig av tilsendt nyheitsstoff frå dei ulike medlemmene for best mulig effekt av medlemsskapet. Samtidig er redaksjonen kontinuerlig på utkikk etter relevant stoff for våre lesarar frå våre medlemsbedrifter. På høgre side av denne artikkelen har alle medlemmer, både næringsdrivande og dei fleste lag/organisasjonar logoen sin godt synleg, med direkte link inn på den enkelte si heimeside. Interessert? ta kontakt på red@todalen.no

 

 

Publisert: 25. februar 2014, 11:00