Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nye, gamle og lånte komikarar innfridde i #viå

Elinor Bolme Torsdag 29. mars 2018

I går kveld kunne revygjengen på 7, pluss ein til låns, innkassere vel fortjent applaus etter endt forestilling av sin påskerevy. Ei oppsetning med litt innslag av jul ettersom det opprinneleg var 3.dagsrevy som låg i botnen for produksjonen. Her var både gamle ringrevar og nye ansikt å sjå på scena for dei vel 60 pubikumarane som møtte opp.

Øverbygding med skråblikk på det meste i livet 

Også i år hadde dei fått med seg ein gjesteartist som absolutt var med og heva forestillinga. Gøran Bolme stilte velvillig opp både med sketsjar og sjølvskrevne viser om alt frå nasadråppe (nesedråpe) til at det faktisk er beviselig lengre fra Skei enn til Skei. Uavhengig av kva du tek som utgangspunkt. Figuren Hans Hyllåinn er ein høgdare i moderne tids slektsgransking med alt det kan medføre seg.

Gapahuk, dass og Stangvikboka

Og det var nok ikkje til å komme forbi, at «verdens største gapahuk» som hadde vorte anlagt på Tjønnmyra vart behørig nemt. Både ein og to gonger. Nils Ove Bruset si Stangvikbok var for anledninga oppfylt med nye historier frå 1018, kor både Gunnar Liapus og den ofslege gapahuken, Lille Gunn og Rådville Knut fekk sine historier nedskrivne til etterkomarane.

Også i år hadde revygjenegn tilpassa eit intervju på spansk med nyheiter frå Todalen, i teksta form. Denne vil vi legge ut som eiga sak etter kvar som vi får den levert i rett format.

Låg snittalder

Det hadde nok vore godt muleg å få inn det dobbelte med publikumarar, men dei som valde å ta turen til Ungdomshuset i eit av få sosiale lag i løpet av året angra nok ikkje. Og da artig å sjå at såpass mange av den yngre garden tok turen. 

På kjøkkenet jobba dei på høggir og kunne servere velsmakande kleftiko av lam med godt tilbehør for svoltne tilhøyrarar.

Under er nokre bilder frå kvelden. Alle foto ElinorB

Publisert: 29. mars 2018, 00:53