Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nye elevteikningar på Matkroken Todalen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 29. oktober 2020

Kvar torsdag siden skulestarten 17.qugust har 1. – 4. årstrinn ved Todalen oppvekstsenter hatt «uteskule». Torsdag var ikkje noko unntak i så måte, og i dag starta skuledagen med besøk på Matkroken Todalen for å overrekke teikningar elevane hadde teikna som ein takk til Terje Nordvik og dei tilsette på Matkroken for refleks og matboksar dei hadde fått, og for å vise at dei er glad i nærbutikken sin! 

Teikningane vart hengt opp, og erstattar dermed elevteikningane som har hengt på Matkroken sidan 2015, da daverande elevar i 1. – 4. årstrinn laga teikningar i samband med at butikken vart medlem i Coop Matkroken, så da var nok tida inne for ei «fornying». Teikningane heng på til venstre med ein gong du kjem inn på Matkroken, ved handlevognene, så her er det berre å ta ein titt ved neste besøk. 

Handelsmann Nordvik. Foto: Torill Gjeldnes

Etter overrekkinga av teikningane fekk elevane, som takk, servert is i av ein godt nøgd handelsmann Nordvik. Lærarane fekk servert kaffe. 

Etter besøket på Matkroken, gjekk turen vidare til Myrmo der Line Kvendsett var vertinne. Her sto grillen klar og elevane fekk ordna seg lunsj. Elevane hadde med seg pølser og ostesmørbrød som vart grilla på grillen. Etter maten vart det leik i skogen ovafor Myrmo. Det vart òg litt tid trampolinehopping, og alle fekk helse på kaninen Sprett. 

Etter litt leik og hopping gjekk turen til Løfta, ein av dei 11 trimpostane til Todalen Idrettslag. Til serverte Jean Kvendset gulerotkake, før skuledagen vart avslutta på leikeplassen på Kvennsetøran. 

Fleire bilete frå dagens «uteskule» kan du sjå i galleriet under. 

Først publisert: 29. oktober 2020, 21:25 - Sist oppdatert: 30. oktober 2020, 09:51