Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Nye åpningstider forbi rasstaden

Nye åpningstider forbi rasstaden

Elinor Bolme Torsdag 12. september 2013

5. september mottok vi ei pressemelding frå Statens Vegvesen med gladnyheita «åpning av veg 6. september». Her vart det i tillegg orientert om når vegen periodevis skulle væra open for ordinær trafikk. Dette lova vi at vi skulle komme tilbake til, når vi hadde noko nytt å melde. Vi har no fått bekrefta frå prosjektleiar Erna Varhaugvik at tidene i pressemelding av 5. september er endra.

Dette betyr at den som har behov for å ferdast forbi rasstaden ikkje er avhengig av kveldsstenginga som før var sett til 17-20.

Arbeidsfolket til Vatn Maskinstasjon og Mikkelsen Maskin arbeider med vegoppbygginga mellom 7.00 og 15.00, om ikkje prosjektørane i Staten Vegvesen har andre behov. Det betyr at alle kan passere rasstaden litt tidlegare enn det som til no har vore opplyst, om ikkje anna blir kunngjort!

Varhaugvik skriv:
Vi har vurdert ønskene fra berørte parter, men av hensyn til fremdriften må stengetidspunktene bli følgende(fra og med i dag):

Kl. 08.00-11.00

Kl. 11.30-15.00

Ellers kan det være åpent.

Skulebussane kan passere også når vegen er stengd, etter avtale med entreprenør. Det vil fortsatt vere lysregulering når vegen er open.

Kjem det behov for endringar, skal vi orientere om dette om vi får beskjed.

Publisert: 12. september 2013, 07:49