Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nye 50 000 kroner til Toåa Tursti innnvilga!

Elinor Bolme Tysdag 14. mai 2019

I dag fekk Toåa Tursti nok eit ja på ein av dei mange søknadane som har vore sendt ut i forbindelse med realiseringa av turstiprosjektet gjennom Todalen Idrettslag. Michal Heimlund har hatt ansvaret for søknadane som har vore utsendt og smiler frå øre til øre når han overbringer beskjeden om at Sparebank 1 SMN i Surnadal har bevilga 50 000 kroner til idrettslaget og turstien. -Dette er berre heilt fantastisk, seier han. -Og enno har vi fleire søknadar som vi ikkje har fått svar på.

Også banksjef Berit Skralthaug i SMN 1 er fornøgd med tildelingane som dei ulike bankane no har kunngjort. – Banken her i Surnadal og på Sunndal hadde 430 000 kroner til utdeling i forbindelse med prosjektet «Sofakampanjen», fortel ho. -Dette er eit lågterskeltilbud som skal bidra til at vi får enda fleire ut i fysisk aktivitet. Og turstiprosjektet i Todalen er midt i blinken for satsningsområdet, seier Berit. -Ikkje alle fekk denne gongen, men vi har ein ny runde med nye mulegheiter allerede til hausten; søknadsfrist til 1.10.19. -Så vi håper at vi får enda fleire søknadar da!

Oversikta viser 20 ulike søkarar som denne fekk gjennomslag på sine prosjekt. For å lese meir om «Sofakampen» gå inn på Sparebank 1 si heimeside.

Forrige  veke var Michal og underteikna på befaring langs turstien saman med prosjektleiar Tore Ulvund i 4H Møre og Romsdal i forbindelse med deira støtteordning «Draumeplassen». Her skal fylkeslaget til 4H dele ut 100 000 til fem utvalgte prosjekt. -Toåa Tursti har saman med Start 4H søkt på dette, men her får vi ikkje svar før første veka i juni, fortel Michal. – Vi håpar på eit positivt resultat også her, men lyt berre leve i spenninga enn så lenge, seier han.

Frå befaringa i forrige veke. Tore Ulvund og Elinor Bolme.

 
Publisert: 14. mai 2019, 21:01