Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Nybygg på Halla…

Nybygg på Halla…

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. september 2013

Tett attmed vegen i Hallagrenda «skyt det til vers» eit nybygg.  Det var Eivind Grønmyr som var i full aktivitet med nytt postkassestativ for bebuarane i Hallagrenda, og den blir bygd etter mønster av dei gammeldagse mjølkerampane som i si tid stod ved vegkanten. Det gamle postkassestativet på Halla gikk overende i ei landvindskule for nokre år sia, og i mellomtida har eit enkelt stativ gjort sin nytte.

For mange år sia stod det ein mjølkramp på andre sia av vegen, ved sia av ei stor rogn. Den kom bort når tankbilane gjorde sitt inntog for henting av mjølk på gardane, men ein kan enno observere mjølkerampar ved vegen. Men det er nok ingen att i Todalen, eller er det kanskje det?

Først publisert: 26. september 2013, 05:00 - Sist oppdatert: 25. september 2013, 23:30