Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Nybygg i barnehagen

Nybygg i barnehagen

Elinor Bolme Tysdag 27. november 2012

Dei som har levert ungar i barnehagen i morgontimane la muligens til den nye leikehytta som no nesten er kome på plass inne på barnehageområdet. Dette er eit prosjekt starta etter eit foreldremøte i barnehagen tidleg i haust, der dei tilsette ønska eit lite leikehus til ungane. Ivar Bolme og Gunnar Nordvik tok på seg oppdraget, og har i ledige stunder reist dette byggverket inne på Ansnes Saga.

I går kveld hadde dei ein raptus igjen, med borkledning og taktekkjing. Etter dei var ferdige frakta dei ho opp til barnehagen. Der skal det gravast og ordnast fundamet i forhåpentleg næraste framtid, før det antakeleg blir innflyttingsfest for ungane når golvet kjem på plass. Men ikkje for det, hytta blir heilt sikkert bruka ved første anledning i dag.

Gravinga er det Gjeldnes Maskin som skal stå for, og dei to snekkarane kjem att og ferdigstiller hytta når dette arbeidet er gjort.

Under er bilder frå oppsetting og frakting. Alle foto ElinorB

Publisert: 27. november 2012, 09:00