Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny utstillar i «Galleri Kaffekroken»

Jon Olav Ørsal Fredag 31. mars 2017

Tidlegare var Kaffekroken full av historiske bilder i meir eller mindre «spredt orden». No har handelsmann Nordvik fått system på utsmykkinga av Kaffekroken, og etter at lokala vart pussa opp i vinter, så er veggplassen reservert lokale kunstnarar. – Først ute var Reidar Østvik med utstilling av sin fotokunst. I går kveld flytta han ut med alt sitt pikk pakk og inn flytta Sissel Halset Storslett – og begynte å montere måleri på veggane.

Her kjem måleria på veggen. Måleria som heng på kaffekroken har ikkje vore vist på utstilling tidlegare. Foto: Jon Olav Ørsal

Sissel tidlegare hatt separatustillingar både i Skulstua, i Rindal Oppdal og no sist på Sunndalsøra i tillegg til fleire fellesutstillingar. Da Todalen.no var innom hadde ho akkurat starta med å henge måleri rundt veggane i Kaffekroken, så vi må nok innom att for å sjå korleis det vart når alt kom på veggen.  Sissel har bakgrunn frå Norges Kunst- og Handverksskule, der ho gjekk på metalllinja. 1 år på Voss og 3 år i Oslo. Men ho fortel at det har ikkje vorte så mykje metall etter at ho vart ferdig, men derimot har ho vore utruleg aktiv med penselen.  Ho dyrkar altså målarkunsten i dag, og trivs godt med det. ho stiller ut varierte motiv, og har heilt nye motiv som ikkje har vore vist på noko utstilling tidlegare.

Dermed kan vi anbefale å ta ein tur innom Halsbua og Kaffekroken. Og vil du kjøpe eit eller fleire av måleria så er det berre å ta kontakt med Sissel på telefonen nedafor.

Reidar pakka ned utstillinga for denne gong, men han var godt nøgd med responsen frå publikum. Foto: Jon Olav Ørsal

Reidar som no flyttar ut av Kaffekroken for denne gong har også utstilling heime på Elvestad. Reidar driv no mest med fotokunst – han fotograferer med sitt kamera, og så blir bileta bearbeidd i fotoshop, der han brukar ymse teknikkar for å få bilda slik han vil og med ønskelege effektar.  Reidar har drive med fotokunst nærast heile livet, og var spesielt aktiv i NTNU-miljøet da han jobba der. Da deltok han i ei gruppe som jobba med kunst på fritida. No nyter han å jobbe med fotokunst på Elvestad, og har laga seg eit atelier i kjellaren der. Og der er det berre å ta kontakt dersom du har lyst til å sjå eller kjøpe noko frå hans varierte utval – eller om du berre vil sjå!

Publisert: 31. mars 2017, 22:29