Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny Stikk UT! – tur i Todalen: Rundtur om Tjønnmyran

Dordi Jorunn Halle Sundag 28. april 2019

Første mai opnar Stikk UT!-sesongen 2019, og i år er det ny turrute her i Todalen: Rundtur om Tjønnmyran. Dette er ein fin og grei tur. Turen er 3,7 km lang, og total stigning er 186 høgdemeter.

Fint å gammelvegen opp Falla. Foto: D J H

Turen startar frå Gammelfabrikken i Brusetmarka og går først oppover Gammelfalla attmed elva og Storfossen. Deretter svingar ruta inn på nyvegen i Falla, opp til Tjønnmyran og lysløypa. Ved enden av lysløypa er turkassen med turkode. Her er det fin utsikt nedover Todalen. Deretter går ruta etter fin skogsstiga utover til skogsvegen som fører ned til allmannvegen innover til gamle Talgø møbelfabrikk. Todalen idrettslag har merka ruta.

Nyvegen ved Kufallfossen. Foto: D J H

Slik er turen presentert på Stikk UT!-sida:

«Kort om turen: Dette er ein rundtur med lite stigning som er godt eigna til både kvardagstrim og søndagsturar, gjerne saman med dei yngste eller eldste i familien. Vi anbefalar ein stopp ved den trivelelege gapahuken oppå Tjønnmyran. Der finn ein både klatrejungel, bålplass og toalett. Her er det også sitteplassar til mange rundt bålet.» 

Oppå Tjønnmyrå er det fint å vere både for små og store. Foto: D J H

Turbokkassen ved enden av lysløypa. Foto: D J H

Dei andre Stikk UT!- turane i bygda er Svinvikrunden og Bjøråskaret. Bjøråskaret er ein «raudtur» – altså ei krevjande rute og p.g.a av snøforholda opnar ikkje for turregistrering her før 15. mai. Svinvikrunden har vore Stikk UT!-tur sidan 2014 og er framleis ein svært populær rundtur.

På toppen av skogsvegen er det fin utsikt, her mot Brusetmarka og i bakgrunnen Romåa. Foto: D J H

Nytt turmål i Lykkjebygda

Ein annan ny Stikk UT!-tur i nærområdet er «Haugasetra» i Lykkjebygda. Turen startar frå Haugahyllå/Todalskrysset . Turen er kort og bratt, merka med blått, altså middels vanskegrad. Det er spennande med nytt og ukjent turmål!

I Surnadal kommune er det i alt 12 Stikk UT!-turar. Friluftsrådet i Nordmøre og Romsdal har i alt 215 Stikk UT!-turar. I heile fylket er det i all 381 turmål fordelt på 30 kommunar.

Men turar til kvardags i nærområdet er det viktigaste!

GOD TUR!

Sjå her om Stikk UT!-turane:

https://www.stikkut.no/

Fleire bilete frå rundturen om Tjønnmyran:

Turen går i starten langs Toåa, – idyllisk! Foto: D J H

Utsyn mot Heggøyan, Brusetnesset og Ramsøya. Foto: D J H

Turen er godt merka og fin å gå. Foto: D J H

Skogsvegen endar ved Bjøråa. Foto: D J H

 

 

 

Publisert: 28. april 2019, 09:49