Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny runde med stamlaksfiske i Toåa

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. oktober 2014

Det har i haust vore fleire rundar med stamlaksfiske for å sikre dei rette genene til å føre slekta vidare i Toåa. Det har forsåvidt vært bra resultat frå fisket tidlegare i haust, men ved gentesting har fleire laksar hatt usikre genere og blir derfor ikkje avla på, seier ledar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset.

DSC_7728

Det såg «hustre» ut, men Ola Martin heldt varmen godt i dykkardrakta. Foto. Jon Olav Ørsal

Ved stamlaksfisket ved Steinutgarden fredag kveld vart det bruka garn. Dette var ikkje heilt uproblematisk, da mykje lauvblad la seg i garnet og skapte problem med å få garnet til å følgje elvabotnen og fekk dermed kunne laksen rømme unna. Men resultat vart til slutt 3 hunnlaksr – derav ein i fin størrelse. Så blir det ny runde med skjelprøvar og gentesting, slik at det kan avslørt om det er ekte vare før rogna blir bruka til å føre «slekta» vidare.

Bilder frå stamlaksfiske ved Steinutgarden i Toåa.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 4. oktober 2014, 10:13