Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny radiolinje inn til Todalen

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. januar 2014

Eltel har dei siste dagane montert ei ny radiolinje inn til sentralen til Telenor i Todalen. Den går via ein link på Hjellnes til Kvanne. Dermed er vi vel kvitt problema med ising på Strengen skulle vi tru. Den nye linja krevde fri sikt til Hjellnes, og dermed måtte stålmasta ved sentralen forlenges med ein seksjon.

Basestasjon_Telenor_0242

Sendar/mottakar for radiolinja er i den raude sirkelen, medan mobilantenna er framfor pilen. Den stor antella er til den gamle radiolinja til Strengen. Foto: Jon Olav Ørsal

Den nye linja skal forsyne både fasttelefon og mobiltelefon, og dermed er vel det meste av trafikken flytta over frå linja som går via linken ved Tårnet og over på den nye radiolinja.

I denne omgang er det ikkje gjort noko endring på mobilbasen, og sjølv om masta er forlengt med ein seksjon så står antenne/sendar på same plassen i den nederste masteseksjonen, og mobilbasen er framleis 2G (Edge). Vi kjenner ikkje planene til Telenor om utbygging til 3G eller 4G.

Publisert: 14. januar 2014, 20:06