Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny platt i rekordfart

Elinor Bolme Onsdag 11. juli 2018

Dei to siste kveldane har det vore dugnad i Ungdomshuset. Her har ein gjeng nevenyttige karar laga til ein fin platting ved inngangspartiet på øversida.  Første kvelden laga Lars Kvendset fundamentet saman med Nils Ove Bruset og John Moe. Andre kvelden var det berre å ladde batteria og skruve toppdekket i MøreRoyal. 

Og med ei utstrekt markise fekk dei jobba godt til tross for nokre beskjedne torevêrsdråpar frå oven, slik at dei vart ferdige på to kveldar og kunne rekke heim til kveldens VM kamp.

Lars Kvendset stillte på dugnad, og hadde nok styringa på resten av gjengen.. Underlaget er dimensjonert for både tyngde og aktivitet når ein ser størrelsen på materialet i botnen. -Det frakkaste i mils omkrets, kunne Lars garantere!

Torkjel A.Moe passar på at alle har det dei treng.

Og resultatet vart retteleg bra! Foto: John Moe

Foto: John Moe

Publisert: 11. juli 2018, 21:41