Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ny  kopp  på  95-årsdagen!

Ny kopp på 95-årsdagen!

Jon Olav Ørsal Fredag 24. september 2010

Vi gratulerer Lisbet Halle i Austistua, som fredag fyller 95 år og kan feire dagen med ny fin kopp frå Todalen.no! Lisbet fortel at ho skal feire dagen heime, saman med den næraste familien. Lisbet har gjennom heile livet vore sterkt samfunnsengasjert, og ville støtte Todalen.no gjennom å kjøpa seg ein kopp med nettsidas logo på. Vi tykte det var ei høveleg anledning til å ta på oss spanderbuksa.

Førstkomande laurdag vil «redaksjonskollegiet»  i Todalen.no være på plass i kaffekroken på ICA Todalen for å selge koppar, og sjølvsagt for å ta i mot ros og ris og gode tips på vegen vidare.  Vi har to typar koppar til salgs, både med og utan hank. Overskotet av salget går til drifta av nettstaden Todalen.no.

Først publisert: 24. september 2010, 07:00 - Sist oppdatert: 23. september 2010, 22:18