Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ny hogstmaskin for Skog-Kompaniet

Ny hogstmaskin for Skog-Kompaniet

Jon Olav Ørsal Fredag 8. april 2011

Skogkompaniet opplever bra ordretilgang om dagen, og dei har fullt opp med oppdrag fleire plassar rundt i Midt-Noreg. Dei har jobbar frå Vikna i nord, til tømmerhogst på Skodje Sunnmøre, men også mykje veg- og linjerydding i området. Dette har gjort at dei no skiftar ut ei av hogstmaskinane til ein nyare modell, nærare bestemt ein Ponsse Ergo 2007-modell til eit par millionar. Den nye hogstmaskina vart levert direkte til jobben på Skodje, der Skogkompaniet har eit arbeidslag. Det er Anders Holden frå Kvanne som er hovudførar på maskina som no er i fullt arbeid, fortel dagleg ledar Kristen Bruset til Todalen.no

Han fortel vidare at dei har ein bra ordrereserve i år, og reknar med å ha bra med arbeid fram mot vinteren.  Det har vore bra tilgang på anbud ei tid no, så han reknar med at nokre av disse også vil slå til. Elles driv dei også litt konsulentverksemd, melleom anna for Statnett, Opplysningsvesnest Fond og andre. Her på traktene har dei oppdrag i fleire kommunar med vegrydding. Sjå heimesida til Skog-Kompaniet her.

Publisert: 8. april 2011, 21:00