Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny, flott bygdebok presentert på Stangvik skule

Dordi Jorunn Halle Tysdag 18. desember 2018

Måndag kveld var det lansering av nok ei ny bygdebok i Surnadal kommune, band 3 som omfattar området Søyset – Hyllbakkan. Siv Oddrun Snekvik og Norunn Holten, som er tilsette i bygdebokprosjektet i kommunen, kunne fortelje at dei både var spente og stolte da dei skulle presentere den nye boka. Og dei har i alle fall god grunn til å vere stolte – dette er ei flott og interessant bok! Ikkje minst er det svært mange interessante bilete – bilete av utruleg god kvalitet.

Siv Oddrun Snekvik opna med å orientere om arbeidet med å få til bygdeboka, og det er mange som har delteke i dette store arbeidet og gjort ein kjempeinnsats. For første har dei møtt positiv velvilje frå innbyggarane i grendene boka omfattar – alle har vore positive til å gi nødvendige opplysningar og låne ut bilete! Grendekontaktar med god lokal kunnskap er heilt avgjerande for bygdebokarbeidet. Tore Gjul har vore til god hjelp med karta i boka.

Norunn Holten og Siv Oddrun Snekvik har god grunn til å vera stolte av den nye bygdeboka. Foto: Dordi J H

Slektsforum for Indre Nordmøre har skrive av og fått digitalisert alle kyrkjebøkene i kommunen, eit kjempearbeid som er gull verd i arbeidet med bygdebøkene. Torild Halset og Eva Riktordatter Hagen starta opp slektsforumet i lag med Arild Mogstad i 1996. Seinare har fleire nye medlemer kome til, og no er Jon Storløkken leiar. Dugnadsarbeidet til slektsforumet omfattar mange årsverk opp gjennom åra.

Representantar frå Slektsforum for Indre Nordmøre. Frå venstre: Erling Myrbostad, Eva Riktordatter Hagen, Torild Halset, Jon Storløkken, Lars Polden, Tor Ålbu. Foto: Dordi J H

Boka er rikt illustrert med bilete frå alle grender og frå ulike tidsepokar; oversiktsbilete, bilete av hus og heimar, av folk i arbeid, folk i fritid og folk pynta til fest. Nye bilete frå motocrossbanen og golfbanen på Mo, og bilete som er frå over 100 år tilbake i tid. Inge Solheim har vore til god hjelp for å klargjere bileta, nye skannarteknikkar og behandlingsmåtar gjer at det no er lettare å få gamle bilete klåre og skarpe. Norunn Holten viste til eit døme. Det er brukt bilete etter Hans Hyldbakk, og det er berre å samanlikne biletet av t.d. Litjtrøa i den gamle og nye bygdeboka. Gustav Stenberg etterlot seg eit stort fotoarkiv som familien har gjeve løyve til å bruke.

Erling Myrbostad og Jon Ålbu er dei to mest tålmodige karane i bygda, vart det sagt frå redaktørane. Dei har lese skifteprotokollar som dekkjer stoff som er eldre enn det som finst i kyrkjebøkene, og dei har lese korrektur i time etter time!

Leiar i bygdeboknemnda, Lars Polden, kåserte om Storstangvikgjeldingen, eller heller det som ein gong var det store Stangvik prestegjeld som dekte mykje meir av Nordmøre enn i dag. Til og med kyrkja i Straumsnes har vore ein del av Stangvik prestegjeld.

Kulturleiar Lilli Husby takka alle for innsatsen, først og fremst dei frivillige, men retta også ein stor takk til Siv Oddrun Snekvik og Norunn Holten som gjer ein formidabel innsats for bygdebokprosjektet. Den første boka for Nordvik og Todalen tok det fleire år å lage, band 2 vart laga på eitt og eitt halvt år, og band 3 vart produsert i løpet av eitt år!

Medlemer i bygdeboknemnda i Surnadal kommune. Frå venstre Råg Ranes, Lilli Husby, Jon Storløkken, Gudrun Langli Storholt og Lars Polden. Tove Mogstad var ikkje til stades.  Foto: Dordi J H

Medlemene i bygdeboknemnda, grendekontaktar og medlemene i slektsforum fekk ei bygdebok kvar som takk for godt og velgjort arbeid! Men ein av dei som skulle ha bok for stor innsats, Martinus Ranheim, døydde like før boka kom ut. Han har vore til stor hjelp med mange opplysningar og bilete. Norunn Holten takk Martinus post mortem og kunne fortelje at boka hans var overlevert til rektor ved Stangvik skule, slik at nye generasjonar kan få kunnskap om lokalhistoria. Det trudde ho måtte vere i Martinus si ånd.

Band 4 skal kome til jul neste år, det vil omfatte Lykkjeeidet, Østbødalen og halde fram oppover sørsida av Surnadal til Ranes og Sogge. Grimsmo og sentrum kjem i ei seinare bok.

Bygdeboka er å få kjøpt hos Hals i Todalen, Notabene i Surnadal, Joker i Ålvundfjorden og på Surnadal folkebibliotek. No før jul kan bøkene også kjøpast på Coop Extra på Skei, torsdag 20. og fredag 21. desember i tida kl. 12 -17.

 

Publisert: 18. desember 2018, 00:40