Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny bygdebok – fredag kjem ho i salg

Jon Olav Ørsal Torsdag 23. juni 2016

I dag er det ein stor merkedag, når vi endeleg kan presentere det første bindet i den nye bygdebokserien, sa Lars Polden som er leiar i bygdeboknemnda i kommunen. Det første bindet omhandlar Todalen, eller rettare sagt frå Åsbøen, med Nordvik og Todalen opp til Kårvatn. Målsetninga var ein revisjon av den gamle Hyldbakk-boka «Heimar og ettar i Stangvik», men den nye boka er mykje meir – meir av alt.

LillyHusby1132

Kulturleiar Lilli Husby fortalte om korleis bygdeboka vart til. Foto: Jon Olav Ørsal

Pressa vart invitert til presentasjon av den nye boka, saman med grendekontaktar, Slektforumet, arbeidsgruppa og andre som har delteke i arbeidet med boka. Lokale grendekontaktar i Todalen har vore Inger Johanne Iversen, Ragnhild A. Moe og Ingri Bruset. I tillegg har Todalen historielag vore involvert og har bidrege med mykje info frå både bildearkiv og info frå årsskrifta.

Det er lagt ned ein enorm insats frå denne gjengen som sia 2010 har jobba med innsamling og systematisering av alle data, bilder og tekster og resultat har vorte til ei praktfull bygdebok på 573 sider. og den er fullspekka med informasjon om husa, folket og mykje historie frå Nordvik og Todalen. Vi har berre bladd gjennom boka i full fart, men den ser veldig oversiktlig og velorganisert ut – og er lett å finne fram i. Det er mange bilder, og kartutsnitt for kvar grend, og gjennom boka er det «krydra» med mange små historier. – Eit produkt som alle involverte har grunn til å være stolte av.

Grendautvalg og adm_1144

Grendeutvalet frå Todalen har vore Ragnhild Ansnes Moe, Ingri Bruset og Inger Johanne Iversen. Dei fekk ei kvar si bygdebok for jobben. Her er dei flankert av Siv Oddrun Snekvik og Norunn Holten som har vore tilsett i bygdebokprosjektet. Foto: Jon Olav Ørsal

Siv Oddrun Snekvik og Norunn Holten har vore tilsett i prosjektet, medan Lilli Husby og Råg Ranes har jobba med prosjektet administrativt. Elles har bygdeboknemnda bestått av Lars Polden, leiar, Marit Granhus Langli, Gudrun Storholt, Inger Johanne Iversen og Jon Storløkken som har representert Slektsforum for Indre Nordmøre.

Kakefeiring_1151

Som seg hør og bør var den nye bygdeboka feira med blautkake og kaffe. Frå venstre Siv Oddrun Snekvik, Lilli Husby og Norunn Holten. Foto: Jon Olav Ørsal

Lilli Husby, Norunn Holten og Siv Oddrun Snekvik orienterte om prosessen med den nye bygdeboka – om valg av arbidsmåte, datateknologi, innsamling av info frå heimane, registrering av info frå kyrkjebøkene – ein lang og omstendeleg prosess som berre måtte ta lang tid. Men no er altså bind 1 klart for sal, og premieren blir i eiga salsbod på Norsk Laksefestival på Skei, og der opnar salsboda kl 12.00.  Og prisen – den blir på kr 700,- pr stk, og den skremmer nok ingen for ei bok med så mykje lokal historie og informasjon.

Neste  laurdag – 2. juli – er dei på plass med salsbod på Todalsdagen på Bordholmen

larsPolden_LillyHusby_1149

Leiar i bygdeboknemnda, lars Polden, fekk mykje ros for jobben han har legt ned i bygdebokarbeid og for leiarskapet i nemnda. Foto: Jon Olav Ørsal

Bygdeboknemnd_bind1_1124

…og til slutt presenterer vi bygdeboknemnda og gratulerer med vel utført jobb og eit resultat dei har grunn til å være stolte av. Foto: Surnadal kommune.

 

Publisert: 23. juni 2016, 22:25