Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny bygdebok for Surnadal presentert

Dordi Jorunn Halle Onsdag 13. desember 2017

 «Dette er ein stor dag for oss!» – slik opna Siv Oddrun Snekvik presentasjonen av den nye bygdeboka for Surnadal. Dette er band 2 og omfattar området frå Brøskja ytst i Stangvik og til og med Kvanne. Her finn ein sjølvsagt historia om heimar og ætter, men også mykje anna verdifull lokalhistorie, interessante bilete, kart og «krydderhistorier». Ei tiltalande og flott bok!

Siv Oddrun Snekvik presenterte bygdeboka. Foto: Dordi JH

Snekvik sa vidare at å lage boka har vore ein stor og krevjande jobb, men også artig. Plana var at Band 2 skulle omfatte same området som Stangvikboka til Hans Hyldbakk, men det vart rett og slett ikkje plass til alt stoffet i ei bok. Heimane frå Søyset og oppover til Hyllbakken kjem i neste band om eit år.

Ansvarlege for boka er Bygdeboknemnda i kommunen i lag med Siv Snekvik og Norunn Holten som er medarbeidarar i bygdebokprosjektet. Utforminga av band 2 var fastlagt på førehand – band 1 som omfattar Todalen og Nordvik, har sett standard for heile verket og gjer arbeidet med nye bøker enklare. Men ein ting er justert med band 2, denne boka er tynnare og lettare å handtere enn band 1. Siv Snekvik orienterte også om nettsidene til bygdebokprosjektet: «bygdebokportalen.no» – her vil ein finne eventuelle rettingar, namneregister og anna tilleggsstoff.

Både i Stangvika og på Kvanne er det mykje interessant og spesiell historie i samband med kyrkje og prestegard, lensmannsgard, doktergard og bank.

Mange å takke

«Utan innsats frå mange gode hjelparar hadde det rett og slett ikkje blitt noko ny bok!» sa Norunn Holten og Siv Snekvik. Dei takka medlemene i bygdeboknemnda, grendekontaktane, Slektsforum for Indre Nordmøre og ikkje minst Inge Solheim som har lagt ned ein stor jobb med biletbehandling. Det skal mange frivillige og  ildsjeler til for å få til ei slik bok! Dei takka også bygdefolket for god hjelp, velvilje og stort engasjement!

Grendekontaktane fekk kvar si bok som takk for god hjelp og stor innsats! Frå venstre: Jarle Røkkum, Brit Kvande Hansen, Einar Grønnes, Marit Haugen, Anne Ness og Anny Haugen. Else Margrete Haugen var ikkje til stades. Foto: Dordi J H

Medlemer i Slektsforum for Indre Nordmøre – dei har utført eit stort, tidkrevjande og viktig arbeid med å skrive av kyrkjebøker. Frå venstre: Jon Storløkken, Bernt Vatten, Tor Ålbu og Erling Myrbostad. Foto: Dordi J H

Vel 30 personar møtte opp på boklanseringa i Bondehuset tysdag kveld, og dei fekk servert både fin og god kake til kaffien. Mange nytta høvet til å kjøpe boka.

Ei spennande historie – spelemannsslekt på vandring

I boka er det mange «krydderhistorier» som set ein spiss på boka. Ei av desse historiene omhandlar reisande folk. I kyrkjebøkene for Stangvik er det mange opplysningar om dåp og bryllaup til taterar, faktisk fleire personar frå same familie. Ei familiehistorie startar med «Fant-Karl», Karl Johansen Rosenberg, frå om lag 1775, han var ein namngjeten spelemann. Frå han ættar kjende spelemenn som Carl Jularbo, Hilmar Aleksandersen og Åge Aleksandersen!

Jon Storløkken frå Bygdeboknemnda sel bøker til Svein Sæther og Bjarne Røen. Foto: Dordi J H.

No er boka «Bygdebok for Surnadal, Brøskja – Kvanne» til sals på bokandelen og biblioteket i Surnadal. Boka blir også enkelte dagar seld ved Coop Extra og Amfi Surnadal. Trur mange vil sette pris på å få denne boka til jul!

Fleire bilete frå boklansering i Bondehuset:

Varme i peisen, god kake, kaffe og triveleg prat rundt borda – kjekt å vere på boklansering! Foto: Dordi J H

Mange gler seg til å kjøpe den nye bygdeboka. Foto: Dordi J H

Flott og god kake. Siv Snekvik med kakespaden. Foto: Dordi J H

Råg Ranes sel bøker – ein kan få dei innpakka, altså klare til å bli lagt under juletreet. Foto: Dordi J H

 

 

 

 

 

Publisert: 13. desember 2017, 03:02