Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ny aktivitet: Fredagsturen

Ny aktivitet: Fredagsturen

Jon Olav Ørsal Laurdag 13. april 2013

Fredag hadde denne aktiviteten sin premiere. Jorunn Ness fortel at dei er ei uformell gruppe som vil prøve seg med ein aktivitet for å kome seg ut i frisk luft og kanskje attpåtil få litt trim og sosialt samvær. Sist fredag var første gongen dei treftes, og da var det 9 som møtte. Treffplassen var ved Matkroken, og derifrå gikk turen attom fabrikken og nedover til Bordholmen. Vidare nedover til Halsabrua, og oppover etter til Bruvollen, der det var ein kort kaffepause før dei runda av ved utgangpunket på Matkroken.

Dette var både triveleg og sosialt, fortel Jorunn, og atpåtil fekk vi litt trim.  Og ho presiserer at det skal ikkje være nokon konkurranse med Stavganggruppas aktivitetar,  som skjer på torsdagar. No inviterer ho og resten av gjengen fleire til å bli med neste fredag. Og alle er velkomne, både karra og kvinnfolk, og det er berre å møte opp ved Matkroken kl 11.  Og kvar turen går neste fredag, er det ingen som veit. Vêr og føre blir med og bestemmer det.

Publisert: 13. april 2013, 07:10