Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Null svar på 04

Null svar på 04

Elinor Bolme Onsdag 8. august 2012

Jon Bruset fortel i ein oppklarande epost til redaksjonen at den tidlegare omtala stien over Øvre Geitabrua ikkje går til Gråknollen. Den fører «berre» opp til Lauvåfjellet, for det meste langs Lauvåa. Både merkinga og stien sluttar når det flatar ut innover Lauvåfjellet. Denne var før i tida brukt til høydraging, da den ikkje er fullt så bratt som stien opp Knuken. Men det går ein saustiga frå Lauvåfjellet og utover til Gråknollen og vidare ned til Kulihammaren.

Posten til Surnadal IL står ikkje på Gråknollen, men er plassert mellom Legdvatnet og Gråknollen og kan derfor vere vanskeleg å finne for ukjente. Også Blåfjellet er brukt som namn på Gråknollen.

Kristian Talgø bygde oppatt Geitabrua og rydda og merka stien for nokre år sia.

Jon har også sendt med nokre bilder og informasjon om Surnadal IL Trimgruppe sin «bokstavleik» rundt posten på Gråkollen. Som forøvrig er post nr 4 på kartet…

Her er trimposten på «Gråknollen/Blåfjellet», med Blåfjellet bak. Redaksjonen har gjort ei lita redigering av bildet til ære for dei som deltek i sankinga av bokstavar med Surnadal IL.

Bildet over viser dei tre omtrent like høge toppane på Blåfjellet/Gråknollen.

Og dette tykkjer redaksjonen heilt klar Jon fortjener ein todalen.no-kopp for, lell om 04 fortsatt står uløyst!

Først publisert: 8. august 2012, 21:00 - Sist oppdatert: 9. august 2012, 08:13