Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
NRK P1: Naturens verden frå Svinviks arboret 1.pinsedag

NRK P1: Naturens verden frå Svinviks arboret 1.pinsedag

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. mai 2012

Tove Fugelsnes frå NRK radio og avdelingsleiar ved Surnadal museum Dordi Kjersti Mogstad har denne veka gått rundt i ein blomstrande og duftande hage bada i sol og varme – der nye blomster og blad sprett ut frå time til time – og gjort opptak til radiosendinga som skal gå no førstkomande søndag – 1.pinsedag. Programmet «Naturens verden» er ein klassiker i NRK P1, med over 700 000 faste lyttarar. Reportasjane frå naturperler rundt om i landet gleder kvar søndag naturinteresserte folk i heile Norge. Så pass på å få med dykk ein fin stemningsrapport frå Nordmøre og Svinviks arboret sendt på riksradiokanalen NRK P1 søndag kl. 9-10!!

Blomstringa i arboretet er no i full gang, og det er litt av eit syn. Arboretet er ope heile pinsehelga, med opningstid 12-17, og det er absolutt verdt å ta turen for å sjå rododendronhagen og resten av arboretet i full flor. Vi anbefaler også å ta turen innom kafeteriaen i arboretet, der dei kan by på forfriskningar og lekre kaker til kaffe’n.

Publisert: 26. mai 2012, 08:05