Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

NRK-innslag frå Todalen

Elinor Bolme Tysdag 26. november 2013

I morgon kjem NRK Møre og Romsdal til Todalen igjen. Det er Eirik Haukenes som var utegåande reporter under dei verste dagane etter raset, som no kjem tilbake for å lage ein reportasje om tilstandane no når det har normalisert seg igjen. Reporter Haukenes kjem til bygda ca 10 i morgon, og vil ha Matkroken som ein base for sine intervju. Han har opplegget så å seie klart fortel han, da han har planer om å blandt anna intervjue dei han følgde under sendingane frå rastida. Men for å få treft alle saman, trudde han at det vart ein todalstur på fredag også.

Innslaget frå Todalen skal brukast i eit langsending med gjester i studio rundt jul/nyttår der temaet er året 2013. Der vil heile 5 minutt bli via til Todalen. Så i morgon er det på Matkroken det skjer.

Først publisert: 26. november 2013, 23:22 - Sist oppdatert: 27. november 2013, 00:29