Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Norway Cup – uavgjort i kamp nr 2

Norway Cup – uavgjort i kamp nr 2

Jon Olav Ørsal Måndag 2. august 2010

For nokre minutt sia var Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen ferdig med kamp nr 2, mot det østerrikske laget Inneres Ennstal Gaflenz. Kampen enda uavgjort 0-0 i ein jamn kamp. Laget hadde eit stongskot i 1. omgang, eller var det ein sjansefattig kamp, rapporterer Knut Haugen. Dermed er det enno ikkje avklara om det vert A- eller B-sluttspel for Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen. Neste kamp går mot Langhus IL, og den går onsdag 03.08 – kl. 14:30 på bane 9 / Ekeberg.

Publisert: 2. august 2010, 18:23