Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Norway  Cup  –  tysdagsrapport

Norway Cup – tysdagsrapport

Jon Olav Ørsal Tysdag 31. juli 2012

Tysdag, som er dag 3 i Norway Cup vart nok ein liten nedtur for alle samarbeidslaga til Søya-Todalen-Kvass/Ulvungen. Til tross for iherdig innsats vart Nord 1 for sterke for J13, og sluttresultatet vart 2-3. Dei låg under 0-3 ved pause, og kom sterkt etter pausen.  G14 møtte nok si overmakt i eit sterkt lag frå Team Nes, og gikk dermed på eit tap på 0-5. G19 har akkurat spela ferdig sin kamp mot Ottestad, og dei måtte også finne seg i tap på 1-3 (Korrigert resultat! Red.)

Knut Haugen skriv at lagkaptein John-Kjetil Gagnat og dei andre på G-19 laget kjempa godt, men med fleire av spelarane på skadelista klarte dei ikkje å halde Ottestad unna nettmaskene. Det var Seppe Claessen som scora det eine målet som TSKU fikk. No blir det sluttspel på onsdag, men det er i skrivande stund ikkje avklart kven som blir motstandar.

G19 har no 3 av spelarane sine på skadelista. Ola Talgø og Torje Furu hoppar rundt på krykkjer, medan Kristoffer Nordvik har fått konstatert brudd i ankelen og er på veg til St. Olavs hospital i Trondheim, der han skal opererast onsdag.

Kvass/Ulvungen J15/16 gjer det bra i Norway Cup. Todalingen Lena Rovik spiller på Kvass/Ulvungen Jenter 7-er 15/16 år, og dei har no gått til A-sluttspelet etter at dei har vunne gruppa si. Onsdag skal dei spele 1/16-finale mot Otra.

Oversikt over dei første kampane i sluttspelet som startar onsdag:

  • G19 møter Hauketo kl 12.00 på Ekeberg
  • G14 møter Eikefjord kl 15.30 på Bjølsen
  • J13 møter Skjergard kl 11.00 på Valle Hovin
  • Kvass/Ulvungen Jenter 7-er 15/16 møter Otra kl 19.30 på Ekeberg.
  • Publisert: 31. juli 2012, 15:08