Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Norway Cup – Oppdatert om sluttspelet

Norway Cup – Oppdatert om sluttspelet

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. august 2012

To av kampane i sluttspelet er ferdig. G19 måtte finne seg i at dei møtte overmakta mot Hauketo, og gikk på eit tap på 0-2. Knut Haugen rapporterer at det var ein jamn kamp, men laget fikk ikkje utteljing for sine målsjansar i 1. omgang. Men Hauketo klarte altså det viktigste, nemleg å score 2 mål. Men den skadeskotne troppa har gjort ei fin innsats i Norway Cup, der spesielt seieren mot Sykkylven var ein sterk prestasjon.

For J13 var det større grunn til jubel. Dei sikra seg siger 3-0 mot Skjergard i formiddag, og går dermed vidare i B-sluttspelet, og det blir ny kamp onsdag kveld kl 17.30. I kampen mot Skjergard var det Mari Gjul (2) og Rakel Kvande som sørga for at ballen hamna i nettmaskene. Flott innsats frå J13-laget som altså får ny kamp mot tampen av dagen.

G14 går også vidare i B-sluttspelet etter at dei greidde 2-1 mot Eikefjord i ettermiddag.  Dermed blir det ny kamp torsdag kl 10.00.  Motstandar da blir enten Skjold eller Skeid. I dag var det Mads Marius Øyen som scora og i tillegg laga Eikefjord eit sjølvmål.

SISTE:  J13 vann igjen!  2-1 mot Bergsøy. Mari Gjul scora begge måla. Ny kamp torsdag, motstander foreløpig ukjent.

Publisert: 1. august 2012, 14:25